Førsteamanuensis/førstelektor i musikk - BLU
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Dette er høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.
Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 2 faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Stillingane inngår i Institutt for kunstfag
Arbeidsstaden er campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillingane har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Stillingane er primært knytt til barnehagelærarutdanninga og arbeidsoppgåvene vil være undervisning i musikk i tverrfaglege kunnskapsområde, rettleiing og vurdering av studentar. Det er aktuelt med oppgåver i Rekomp (Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage)
- Det kan og være aktuelt med oppgåver knytt til dei andre grunnutdanningane, etter- og vidareutdanning og/eller kurs- og oppdragsaktivite
- Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sitt fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. Instituttet nyttar digitale læringsverktøy og har nettstøtta og samlingsbaserte undervisingsformer på fleire utdanningar og mellom campus.
Kvalifikasjonar:
Kriterium for tilsetting i undervisning- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
Dei som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Dei som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
- Internasjonal erfaring
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveundervisning.
Utdanningsfagleg kompetanse:
For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
For stilling som førstelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfrist. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er algt inn innan fristen, det vere seg:
- vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
- fullstendig publikasjonsliste
- attestar og vitnemål
- dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
Om vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller legjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som Førsteamanuensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 / 1198.
Frå løna vil det verte trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova kan opplysningar om søkaren verte gjort offentleg sjølv om søkjar har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil verte varsla om førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert tatt til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere persona med minioritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
Instituttleiar Oded Ben-Horin tlf. 53 49 14 56 oded.ben@hvl.no
Assisterande instituttleiar Anne Kristine Wallace Turøy tlf. 55 58 57 93 akwt@hvl.no
Samspel, bærekraft og nyskaping
Samspel, bærekraft og nyskaping skal kjennetegne alt vi gjer.
Vi skal bli et universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Relaterede jobopslag
Ulykkesforsikring til hele familien
